Dråpen

Dråpen
Var dette den siste dråpen, som fekk det siste begeret til å renne over? -Mari 2010

torsdag 18. mars 2010

Tarjei Vesaas - Ein stor forfattar, òg lyrikar.

I det sjølvbiografiske kåseriet Om skrivaren,  seier Tarjei Vesaas at det å skrive dikt "kjendest som det moroaste av alt" (Olav Vesaas, 1997). Mange hugsar nok Vesaas best for dei fantastiske romanane, Fuglane, Is-slottet mfl.. I tillegg til å skrive vakre skildringar av menneskje, som ofte var annleis i sitt miljø, var Vesaas ein lyrikar med vakre ord for alle hendingar i livet. Diktet eg vil dele med dykk er frå samlinga Liv ved straumen og er gitt ut i 1970, same året han døydde.


Bakkane heime

Helsar på blomane,
helsar på steinane,
helsar på bakkane.
Helsar på gamle folk
med eit stridt liv
prenta inn i andletet.

Dei seier:
Godt du kom heim.
Vi har tenkt på deg.

Ein står forvirra og
høyrer dete.
Andletet framfor
er som ein vennleg hoggestabbe.

Endeleg kjenner ein
ein er heime for godt.


Kjelde: 
O. Vesaas Tarjei Vesaas beste (1997). Det norske samlaget, Oslo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar