Bakkane heime
Helsar på blomane,
helsar på steinane,
helsar på bakkane.
Helsar på gamle folk
med eit stridt liv
prenta inn i andletet.
Dei seier:
Godt du kom heim.
Vi har tenkt på deg.
Ein står forvirra og
høyrer dete.
Andletet framfor
er som ein vennleg hoggestabbe.
Endeleg kjenner ein
ein er heime for godt.
Kjelde:
O. Vesaas Tarjei Vesaas beste (1997). Det norske samlaget, Oslo.
Kjelde:
O. Vesaas Tarjei Vesaas beste (1997). Det norske samlaget, Oslo.